Årsmelding for Otra Kraft 2011
Pressemelding i samband med vedtak om utbygging av Skarg kraftverk
10.04.2012
Pressemelding 28. mars 2012
Klart for vannkraftutbygging i Setesdal
Selskapsmøtet i Otra Kraft DA har i dag vedtatt utbygging av Brokke Nord/Sør – det største vannkraftprosjektet på Sørlandet siden 1995.
Vedtaket ble gjort etter at styret i Agder Energi, som største eier i Otra Kraft, tidligere på dagen gav klarsignal for utbyggingen. Fra før har den andre eieren, Skagerak Energi, gjort tilsvarende.
![]()
Pressemelding i samband med vedtak om utbygging av Skarg kraftverk
Brokke kraftverk. Høgspentmontasje
17.02.2012
Høgspentmontasje med m.a. forsterking av skinnesystemet for tilkobling av aggregata startar etter planen opp i veke 8. Ein viktig grunn til dette er auka kortsluttingsytelsar.
Arbeidet vert utført av m.a. personell frå Nettpartner.
![]()
Status for Brokke Nord og Sør
09.02.2012
Tilboda frå leverandørar og entreprenørar kom inn den 16.01.2012 og ein er no inne i ein evalueringsfase
med oppklaringsmøte med dei aktuelle tilbydarane. Etter dette vil avgjerdsprosessen starte. Ei endeleg avklaring for prosjektet
vil truleg kome i midten av mars.
![]()
Konsesjonssøknader for Flårendsfossen og Hallandsfossen småkraftverk
06.01.2012
Konsesjonssøknader for Flårendsfossen og Hallandsfossen småkraftverk vart sendt til NVE rett før jol 2011. NVE har signalisert at prosessen med å avgjere desse vil ta 2-3 år.
![]()
Småkraftverk i Otravassdraget
23.11.2011
Otra Kraft kjem til å sende konsesjonssøknader for 2 småkraftverk til NVE i haust. Dette gjeld Flårendsfossen og Hallandsfossen.
Tilbakemelding frå NVE går i dag ut på at vi må pårekne 2 til 3 års handsamingstid der før avgjerd.
Ved gjennomføring av evt. konsesjon skal kraftverka utnytte minstevassføringa i Otra i eitt fall nedstraums eksisterande terskel i Otra ved Flårenden i Valle kommune, og fallet i Hallandsfossen rett sør for Valle sentrum.
Ved evt.
![]()
Brokke Nord og Sør
23.11.2011
Tilbodspapir for bygg og Elmek er sendt ut. Frist for pristilbod er sett til måndag 9. januar 2012. Tilboda skal så vurderast og sak om utbygging eller ikkje vil handsamast hjå eigarane og i Statkraft i slutten av februar 2012/byrjinga av mars 2012.
For tida pågår arbeid med å få fram anleggskraft til Bjørnarådalen og Fjellskarå. På grunn av at ulike prosessar i høve til offentlege instansar tek tid, så kan det verte problem med å få gjennomført arbeidet i terrenget før vinteren set inn.
![]()
Røykutvikling i Holen kraftstasjon 13.10.11
01.11.2011
Skade på lågspent effektbrytar for stasjonsforsyninga vart reparert ved hjelp av reservedeler som låg på anlegget.
Årsaka var at i samband med anleggsarbeid på 80-talet vart brytaren køyrt i skilleposisjon med last, utan å ta ut effektbrytaren først.
Dette medførte at brytarkontakter vart skada. På grunn av dette kom ikkje brytaren heilt i inngrep ved kobling, og det oppstod ljosboge.
Tilfelle som denne kan skje når alderen kjem, men ved feilmanøver veit ein aldri NÅR.
Brytarar som dette vert normalt manøvrert relativt sjeldan.
![]()
Brokke Nord og Sør. Anleggskraft til anleggstadene
19.10.2011
Det er gjennomført tilbodssynfaring og tilbodspapir for bygg- og elmekarbeid vert sendt ut i veke 42. Interesserte tilbyderar kan so arbeide med sine tilbod til 9. januar neste år. Deretter vert det evaluering av tilbod og evt. utbyggingsvedtak i februar 2012.
Om det enno ikkje er avgjort om det vert utbygging så arbeider ein med tanke på å få bygge anleggskraftforsyning til riggområde i Bjørnarådalen og Fjellskarå.
![]()